Overflatesirkulasjon Flashcards Preview

Maringeologi > Overflatesirkulasjon > Flashcards

Flashcards in Overflatesirkulasjon Deck (17)
Loading flashcards...
1
Q

Kva to typar havstraumar har vi ?

A

Vi har overflatestraumane som er drivne av vind og så har vi intermediære og djupe straumar som er drive av tettheitsforskjellar.

2
Q

Kva er ein sonal vindstraum?

A

Det er ein vind som bles nærast parallelt med breddegradene. Passatvindar, vestavindsbeltet og østavindsbeltet.

3
Q

Kva skuldast sonal vindstraumar?

A

Det er eit resultat av coriolis krafta, av at jorda blir varma opp forskjellig.

4
Q

Korleis blir gyrer danna?

A

Gyrer er sirkulære strømmar som skuldast: At vi har både vestlig drivne straumar som går langs passatvindane, og austlig drevne hastraumar langs vestavindsbeltet, som begge blir avbøygd på grunn av kontinenter.

5
Q

Kva er det hauane på havoverflata skuldast?

A

Dei skuldast konvergerande straumar.

6
Q

Kva kallar vi dei forskjellige typane av overflatestraumar?

A
  • Ekman transport
  • Oppstrømming (upwelling)
  • Nedstrømming (downwelling)
  • Geostrofisk strøm.
7
Q

Korleis enkelt forklare ekman spiralen?

A

Den handlar om at overflatebevegelsen over tid vil bli overført nedover i vannkolonn. Farta avtar. Og straumretninga blir endra på grunn av coriolisavbøyinga. Handlar om vannets treghet i forhold til jorda sin rotasjon.

8
Q

Korleis er avbøyinga av overflatevannet i ein ekman spiral i forhold til vindretninga?

A

Den har ein 45* graders avbøyning.

9
Q

Kva vil det seie at netto transport av vann i ein ekman spiral har ei avbøying på 90 grader?

A

.

10
Q

Kva type strauming får vi når ekmanspiralen fører vann vekk frå kysten?

A

Då får ein upwelling.

11
Q

Når ekmanspiralen fører vann inn til kysten, kva type straumning får vi då?

A

Då får vi nedstrømming eller downwelling.

12
Q

Korleis skjer opp og nedstrømming ute på det åpne havet?

A

Der skjer det ved at vindstraumer forårsaker divergens i vannet, vannet strømmer vekk frå ein region, noko som fører til tilførsel underifrå.

13
Q

Kva er grensestrømmar?

A

Det er strømmer, eller havstrømmer som har ein dynamikk som er bestemt av jorda sine kystlinjer.

14
Q

Kvifor er oppstrømming positivt?

A

Det fører til at kaldt og næringsrikt vann blir tilført områda.

15
Q

Kva skil dei vestlige frå dei austlige grensestraumane?

A

Dei vestlige er varme, djupe og smale. Dei er hurtige, og blir danna på vestsida av havbassenga. Dei austlige straumane er breie og saktestraumande.

16
Q

Korleis forklarar ein geostrofiske straumar?

A

Ekmantransport fører til at overflatevannet blir pressa opp i nokon områder og blir forflytta frå andre. Noko som fører til variasjonar i høgda på overflata slik at det oppstår skråningar på havoverflata. Desse skråningane fører til at det horisontale trykket begynner å variere, noko som fører til at straumar vil utlikne
trykket og straume mellom trykkgradientane. Balanse mellom trykkgradient og coriolis effekt er nøkkelen her.

17
Q

Korleis påverkar corioliseffekta dei geostrofiske strømmane?

A

Den bøyer av vann inn mot senter av gyren, og det blir danna ein lav haug med vann.
Når det oppstår eit nivå der trykkgradienten er lik coriolisavbøyinga, vil strømmen strømme parallelt med vinden rundt haugen..